På ein dag som denne er det vel greitt å opna med litt om folketalsutviklinga i Nigeria. Det er det folkerikaste landet i Afrika, med eit folketal på 191 millionar (2017). To år tidlegare var folketalet 182 millionar. Det vil seia ein vekst på 4,5 millionar i året, eller om lag 375 000 i månaden. På Island bur det om lag 350 000 personar, altså færre personar enn tilveksten i Nigeria kvar månad. Og likevel - likevel! - hadde 23 tipparar tru på at Island skulle unngå tap mot Nigeria. Absurd.*)
For oss andre var dette ein grei dag på jobben. Og, for så vidt, ein grei dag med tipping. Det mest gledelege med Sveits-sigeren var at Astrid omsider kom seg på ein tosifra skår, slik at oversynet vart litt meir visuelt harmonisk. Det minst gledelege var at Christine fekk så mange poeng i dag at ho blanda seg inn i den elles sterkt familieprega toppkampen, så til i morgon er det fare for at det vert introdusert ein regel som gjer at ho misser eitt av poenga sine.
24 poeng: Torstein
23 poeng: Arnfinn, Christine og Eirik
22 poeng: Håvard, Jostein, Lars og Stein Inge
20 poeng: Ivar, Johannes, Maren Ingeborg og Mari
19 poeng: Hallgeir og Runa
18 poeng: Erlend, Janne, Jens Johan, Odd Martin, Ole Petter, Sebastian og Øystein
17 poeng: Frithjof, Matias og Oda
16 poeng: Brynjulf og Torunn
15 poeng: Alfred og Kjartan
14 poeng: Erling
13 poeng: Martin
10 poeng: Astrid
*) Informasjonen om folketalet i Nigeria har eg frå Afrika-kjennaren Arnfinn.
Eg har vore på Island og vil gjerne bli omtalt som Island-kjennar.
SvarSlett