tirsdag 19. juni 2018

DAG 6

I går var det visst rimeleg enkelt å plukka poeng, og tolv tipparar fekk altså med seg poeng i alle kampane. I dag var det litt verre, det vart berre delt ut 21 poeng totalt. Ni av dei poenga gjekk til tre som hadde tippa rett resultat, og då seier det seg sjølv at mange av oss ikkje fekk poeng i det heile. 18, for å vera heilt nøyaktig. Det kan det vera to forklaringar på - anten er desse dårlege til å tippa, eller så er det noko gale med utrekningane mine.

Arnfinn har vore mange gonger i Afrika, og kjenner dei afrikanske laga så godt at han fekk poeng frå begge dei to siste kampane. Han har dermed fått ei uventa stor luke øvst på tabellen, og sidan eit anna afrikansk lag skal spela i morgon er det fare for at luka vert endå større då.

17 poeng: Arnfinn
15 poeng: Christine og Lars
14 poeng: Johannes, Jostein og Mari
13 poeng: Oda
12 poeng: Brynjulv, Eirik, Hallgeir og Maren Ingeborg
11 poeng: Erlend, Håvard, Ivar, Janne, Jens Johan, Matias, Sebastian, Stein Inge og Torstein
10 poeng: Torunn
9 poeng: Alfred, Erling, Frithjof, Odd Martin, Ole Martin og Runa
8 poeng: Kjartan og Øystein
7 poeng: Martin
6 poeng: Astrid

3 kommentarer: