lørdag 23. juni 2018

DAG 10

I Afrika-kampen i dag tapte Tunisia 5-2. Afrika-kjennaren Arnfinn hadde tippa 4-2, og sidan son hans, Alfred, hadde tippa 5-0, vert den samla tippinga i det hushaldet så pass tett på 5-2 at begge to får eitt ekstrapoeng. Arnfinn får òg eitt ekstrapoeng for å tippa at Sør-Korea skulle slå Mexico 10-0.

Det var elles ein dag med bra med utdelte poeng i kvar kamp, til saman vart 88 poeng fordelte. Det kunne sjølvsagt vore færre, men det kunne òg vore fleire. Til dømes dersom Øystein, Jens Johan og Ole Petter hadde sett seg litt betre inn i fotballfilosofien til Gary Lineker, og ikkje tippa 1-1 mellom Tyskland og Sverige. Det tyske gladmålet var ekstra surt for Jens Johan, som kunne fått to trepoengarar på rad.

Fem tipparar fekk fem poeng i dag: Christine, Frithjof, Maren Ingeborg, Martin og Stein Inge.

28 poeng: Christine
27 poeng: Stein Inge
26 poeng: Torstein
25 poeng: Arnfinn, Eirik, Håvard, Lars og Maren Ingeborg
24 poeng: Jostein og Mari
23 poeng: Ivar, Janne og Johannes
22 poeng: Frithjof og Hallgeir
21 poeng: Jens Johan og Runa
20 poeng: Erlend og Torunn
19 poeng: Matias, Oda, Odd Martin, Ole Petter og Øystein
18 poeng: Brynjulf, Kjartan, Martin og Sebastian
17 poeng: Alfred
16 poeng: Erling
14 poeng: Astrid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar