torsdag 21. juni 2018

DAG 8

Litt variasjon i kor mange poeng det vart i kvar kamp i dag. I Danmark-Australia vart det skrapa saman 22 poeng, som må reknast som bra for ein uavgjortkamp. Sju tipparar hadde like godt heilt rett resultat. Dei fleste hadde òg tippa at Frankrike skulle vinna, der vart det delt ut 33 poeng. I den siste kampen var det uventa mange som hadde tru på Argentina, men ikkje Håvard: Han var den einaste som tippa Kroatia-siger, og var difor òg den einaste som fekk poeng i alle kampane.

Det er nokre kampar igjen i gruppa til Argentina, men det er ting som tyder på at det snart vert ei ekstrem utdriting av dei mange som har tippa Argentina til finala, og/eller tippa Messi som toppskårar.

Me ser at det er jamnt i toppen, og det er jo kjekt for alle nøytrale blogglesarar.

21 poeng: Arnfinn, Jostein, Lars og Stein Inge
20 poeng: Torstein
19 poeng: Christine, Eirik og Håvard
18 poeng: Johannes og Mari
17 poeng: Erlend, Hallgeir, Janne og Odd Martin
16 poeng: Ivar, Maren Ingeborg, Oda og Runa
15 poeng: Brynjulf, Jens Johan, Matias, Sebastian og Torunn
13 poeng: Alfred, Erling, Frithjof, Kjartan, Ole Petter og Øystein
11 poeng: Martin
9 poeng: Astrid

2 kommentarer:

  1. Vil gjerne nevne at eg har reist ein del i Europa, også Kroatia, og presenterer meg gjerne som Europa-kjenner.
    Håvard

    SvarSlett
  2. Argentina. For en vits.
    Men jeg legger merke til at jeg lå på delt andreplass etter dag 2.
    Tar det med meg videre på livets landevei.

    SvarSlett