Her er me igjen. Det var ein travel dag i innboksen, og eg vonar eg har fått med alle tipsa som kom inn. Eg trur ikkje Runa har levert tips, men ein veit jo aldri. Det er fint om alle sjekkar om tipsa dykkar samsvarar sånn nokolunde med det de trur de har levert.
Og sidan det alltid er nokon som slit med poengsystemet: Viss du har rett vinnar i kampen får du eitt poeng. Viss du i tillegg har rett resultat etter nitti minutt, får du to poeng ekstra. Altså - viss du har tippa 0-0, med Tyskland vidare, får du eitt poeng viss dei går vidare, og tre poeng viss det var 0-0 etter nitti minutt. Viss det var 0-0 etter nitti minutt, og det skjedde noko så utruleg som at Tyskland skulle tapa kampen, får du ikkje poeng i det heile.
Elles var det ein fin dag for gladfotball, og spesielt kjekt er det jo at både Messi og Ronaldo, av mange sett på som dei to beste ikkje-tyske spelarane i verda, må ha seg heimatt.
Og honnør til Håvard, forresten, som viste kva han meiner om at tipparar kan endra tipsa sine: Før VM tippa han at Preussen skulle vinna heile VM; no har han endra det til Vest-Tyskland.
50 poeng: Tyskland
45 poeng: Torstein
40 poeng: Lars
39 poeng: Eirik og Maren Ingeborg
37 poeng: Christine, Håvard og Ivar
36 poeng: Janne og Jostein
35 poeng: Johannes, Mari og Øystein
34 poeng: Frithjof, Jens Johan og Stein Inge
33 poeng: Kjartan
32 poeng: Sebastian
31 poeng: Arnfinn
30 poeng: Oda
29 poeng: Martin, Ole Petter og Torunn
28 poeng: Matias og Odd Martin
27 poeng: Alfred, Brynjulf, Erling og Runa
26 poeng: Hallgeir
25 poeng: Astrid
24 poeng: Erlend
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar