søndag 15. juli 2018

SLUTT

Det var det. Eit fint VM for mange av oss, og sikkert ei fin finale for dei av oss som ikkje var inviterte til ei stølsgrend langt inne i villmarka for å helsa på nokre fjerne slektningar til eit familiemedlem og eta vafler medan ein prøvde å finna ein stad det var dekning, slik at ein kunne vera slik nokolunde oppdatert.

Resultatet vart gledeleg, i alle fall for nokre av oss. Me har altså fått den delikate situasjonen av tippetipparrangøren drog i land flest poeng, til og med utan at det var juks med i spelet. Og heldigvis var marginen så stor at dei fem poenga eg fekk for å endra finaletapartipset til Kroatia ikkje hadde noko å seia. Så ta i no, alle saman: It's coming home, it's coming home ....

65 poeng: Eirik
59,5 poeng: Tyskland
59 poeng: Frithjof og Maren Ingeborg
57 poeng: Jostein
56 poeng: Janne
55 poeng: Torstein
53 poeng: Erling
52 poeng: Christine, Håvard og Lars
51 poeng: Johannes
50 poeng: Oda
49 poeng: Kjartan
47 poeng: Ivar og Øystein
46 poeng: Stein Inge
43 poeng: Ole Petter
42 poeng: Mari
40 poeng: Alfred og Arnfinn
39 poeng: Jens Johan, Odd Martin og Sebastian
38 poeng: Martin
37 poeng: Erlend
36 poeng: Brynjulf og Torunn
35 poeng: Matias
34 poeng: Hallger
31 poeng: Astrid
27 poeng: Runa
25 poeng: Kajsa

1 kommentar: