I alle desse hypotetiske maksimalskårane ligg det sjølvsagt inne to rette resultat. Eventuelle tillegg vert spesifiserte.
Eirik kan få 74 poeng, viss Frankrike vinn og Kroatia tapar (endra tips), og viss Griezmann vert toppskårar.
Frithjof kan få 68 poeng, viss Griezmann vert toppskårar.
Maren Ingeborg kan få 68 poeng, viss Frankrike vinn og Griezmann vert toppskårar.
Christine kan få 67 poeng, viss Frankrike tapar.
Jostein kan få 64 poeng, viss Frankrike vinn og Pogba vert toppskårar.
Johannes kan få 63 poeng, viss Frankrike tapar finala (endra tips) og Griezmann vert toppskårar.
Ivar kan få 62 poeng, viss Frankrike tapar finala.
Tyskland kan få 62 poeng, viss ikkje reglane for landslag vert endra igjen.
Janne kan få 61 poeng, viss Frankrike vinn.
Oda kan få 61 poeng, viss Frankrike vinn og Griezmann vert toppskårar.
Torstein kan få 59 poeng.
Erling kan få 58 poeng, viss Frankrike vinn og Kroatia tapar (endra tips).
Håvard kan få 57 poeng.
Øystein kan få 53 poeng, viss Kane vert toppskårar.
Det er ikkje heilt lett å konkludera, men for meg ser det slik ut:
Viss Frankrike vinn, er det stor sjanse for heimesiger.
Viss Frankrike tapar, er det stor sjanse for at Christine vinn.
Viss Frankrike korkje vinn eller tapar, er det stor sjanse for at dei fleste av oss har misforstått kampoppsettet.
Viss Pogba vert toppskårar, vinn Jostein.
Me har ikkje fastsett reglar for kva som skjer viss to vinnarar får like mange poeng. Eitt framlegg kan vera at dei deler premiepengane; eitt anna framlegg kan vera at alle som har tippa Pogba som toppskårar vinn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar